Opplevingar og erfaringar med å delta i ein organisert fritidsaktivitet for jenter med minoritetsbakgrunn – «Jentegruppen»

Forfattere

  • Mariann Enoksen Bergen kommune, Norge
  • Karen Marie Moland Universitetet i Bergen, Norge
  • Merete O. Karlsen Høgskulen på Vestlandet, Norge
DOI: https://doi.org/10.5324/barn.v38i3.3808

Sammendrag

Jenter med minoritetsbakgrunn har lågare deltaking i organiserte aktivitetar enn andre barn. Deltaking i organiserte grupper har fordelar for fysisk, psykisk og sosial utvikling. Formålet med studien er å utforske kva det betyr for jenter med minoritetsbakgrunn å delta i fritidsaktiviteten «Jentegruppen». Tretten jenter i alderen 9–12 år vart intervjua, og data vart analyserte induktivt med kvalitativ innhaldsanalyse. Hovudfunnet i analysen var at «Jentegruppen» representerte ein fristad for sosial deltaking og utvikling, som såg ut til å gjere dei i stand til å handtere utfordringar knytte til den kulturelle bakgrunnen deira i skule og samfunn. Vi identifiserte tre undertema: «På «Jentegruppen» blir eg utfordra til å lære», «På «Jentegruppen» er eg meg sjølv» og «På «Jentegruppen» har eg fått venner». Vi konkluderer med at «Jentegruppen» er ein viktig arena for læring, som kan styrke integreringa av jenter med minoritetsbakgrunn i skulen og det norske samfunnet.

Nedlastingsstatistikk
Totale nedlastinger:
Nedlastingsdata er ikke tilgjengelig enda.

Fulltekst

Publisert

2020-07-01

Hvordan sitere

Enoksen, M., Moland, K. M., & O. Karlsen, M. (2020). Opplevingar og erfaringar med å delta i ein organisert fritidsaktivitet for jenter med minoritetsbakgrunn – «Jentegruppen». Barn – forskning om barn og barndom i Norden, 38(3). https://doi.org/10.5324/barn.v38i3.3808

Utgave

Seksjon

Artikler

Emneord (Nøkkelord):

minoritetsjenter, integrering, helsefremming, organisert aktivitet