Byen som oppdragar: Mangfald, individualitet og kompetanse

Forfattere

  • Hilde Danielsen Rokkansenteret
DOI: https://doi.org/10.5324/barn.v27i1.4294

Sammendrag

Denne artikkelen handlar kva bilde og ideal om byliv og barndom foreldre som bur i bykjernen byggjer opp gjennom sine framstillingar av familieliv, med særleg vekt på korleis dei framstiller mangfaldet i byen som ein positiv ressurs for oppsedinga av barna. Kjeldene er kvalitative intervju med 13 foreldrepar som budde i sentrumskjernen av ein by. Foreldra ønskjer at barna skal vere opne for ulike veremåtar, og meiner at byen er ein gunstig plass for utvikling av slike eigenskapar, dei knyt band mellom plass, moral og identitet. Foreldra ser byen som ein oppdragar av barna, som kan lære dei om verda på godt og vondt. Dei meiner at kjennskapen til og lærdommen frå mangfaldet kan bidra til å skape trygge, fordomsfrie og kompetente barn. Mangfaldet får slik både ein nytteverdi og ein etisk verdi i oppveksten som vert brukt til å hierarkisere sentrum over forstad og bygd som ei ramme om god barndom.

Nedlastingsstatistikk
Totale nedlastinger:
Nedlastingsdata er ikke tilgjengelig enda.

Fulltekst

Publisert

2009-01-01

Hvordan sitere

Danielsen, H. . (2009). Byen som oppdragar: Mangfald, individualitet og kompetanse. Barn – forskning om barn og barndom i Norden, 27(1). https://doi.org/10.5324/barn.v27i1.4294

Utgave

Seksjon

Artikler