Fagfellevurdert artikkel

Vol. 41, No. 2–3, , s. 4156

Berøring og intimitet – kroppen i skjeringspunktet mellom offentleg og privat. Omsorg for utviklingshemma barn og unge i barnebustad

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Noreg

E-post: ingunn.fylkesnes@ntnu.no

Samandrag

Kropp og berøring i institusjonell omsorg for barn og unge er eit tema med aukande internasjonal forskingsinteresse, etter å ha vore eit tabubelagt emne på bakgrunn av tidlegare overgrepshistorier. Denne artikkelen handlar om utviklingshemma barn og unge i barnebustad, ei gruppe unge som vanlegvis går «under radaren». Dei unge har behov for omfattande hjelp gjennom døgnet og får bistand av kommunalt tilsette omsorgspersonar. Omsorgssamspelet mellom kommunalt tilsette og dei unge som har sin heim i barnebustaden, blir analysert og drøfta med basis i omgrepa body work, intimate labour og emotional labour. Kroppen som offentleg objekt og privat subjekt er i tillegg viktige analytiske element. Innanfor institusjonelle rammer får dei unge sin kropp ulike roller, men kan vere prisgjeven tilsette si forståing av omsorg og institusjonelle oppgåver.

Stikkord: barnebolig, utviklingshemming, kropp og berøring, institusjonelt omsorgsarbeid

Abstract

Touch and Intimacy – The Body at the Intersection Between Public and Private. Care in Small Institutions for Intellectually Disabled Children

Body and touch in residential care for children shows a growing interest in international research. This subject has been tabooed based in earlier stories of abuse in residential institutions. This paper addresses children with profound intellectual disability living in small institutional residences, children that normally go “under the radar.” The young ones have comprehensive needs for practical support around the hours, provided by public employed care professionals. The interaction in care activities between the employees and the children is analysed and discussed related to the concepts body work, intimate labour, and emotional labour. The dichotomy of the body as a public object and private subject is also important analytical elements. Within institutional frames is the body of the residents given different roles but can make the children dependent on the employees’ understanding of care and their institutional duties.

Keywords: institutional childcare, PIMD/PMLD, body and touch

© 2023 Ingunn Fylkesnes. This is an Open Access article distributed under the terms of the Creative Commons Attribution 4.0 International License ().

(). Berøring og intimitet – kroppen i skjeringspunktet mellom offentleg og privat. Omsorg for utviklingshemma barn og unge i barnebustad. Barn, 41(2–3), 4156.

Innleiing

Kropp og berøring har vore eit kontroversielt tema når det gjeld institusjonell omsorg. Kontroversen er ei følgje av avsløringar av omfattande overgrep mot institusjonsplasserte barn og unge (NOU 2004: 23). Undersøkingar i Noreg har vist at menneske med funksjonsnedsetjingar har stor sjanse for å oppleve kroppslege overgrep og intimidering (Gundersen et al., 2014). I retrospektivt lys fortel tidlegare institusjonsbebuarar om ein oppvekst der den private kroppen i lita grad vart skjerma for andre (Gundersen et al., 2014, s. 42).

I Storbritannia vart det på bakgrunn av overgrepsavsløringar utvikla ein statleg basert «no-touch-policy» for institusjonar. Warwick (2022) og Green (2017) drøftar korleis personalet i institusjonar for barn og unge vert pålagt minst mogeleg fysisk kontakt med dei unge dei har omsorg for, med hensikt å unngå uheldige situasjonar som kan medføre klage om utilbørleg kontakt. Green et al. (2021) viser til at temaet kropp og berøring difor har vore nærast tabu både i forsking og i omsorgspraksis, og seier at dette har vore med på å kneble debatten om korleis ein skal nærme seg spørsmål rundt berøring av barn og unge som bur utanfor familieheimen. Samstundes seier dei at ulike former for kroppskontakt ikkje vert oppfatta som berøring og difor ikkje tekne med i diskusjonar om riktig eller upassande berøring i institusjonell omsorg, som til dømes ballspel og leik på trampoline. Ein del kroppskontakt står altså fram som tilfeldig og uunngåeleg. Baeza et al. (2019) fortel likevel at mange sosialarbeidarar kjende seg usikre i bruk av kroppsleg nærleik i denne typen aktivitetar.

Temaet kropp og berøring i omsorgsinstitusjonar vert no utfordra og løfta fram. Ifølgje Warwick (2022) og Steckley (2018) har angsten for berøring i institusjonar ført til at ungdomar kunne oppleve fullstendig fråvær av berøring, noko som igjen kunne opplevast som eit kroppsleg og emosjonelt sakn for ungdomen. Steckley (2018) hevdar at manglande kroppskontakt kunne medføre at ungdom viste utagerande åtferd for å oppnå berøring, sjølv om den kroppslege kontakten då får negativt forteikn (halding for å hindre skade). I Noreg har Neumann (2017) delteke i debatten ved å vise at kroppen er mykje involvert i relasjonell samhandling i barnevernsinstitusjonar, ofte med eit positivt forteikn (klem, sitje på fanget, leik).

Mykje forsking på dette området er utført innanfor barnevernsinstitusjonar. Funksjonshemma og utviklingshemma barn og unge i institusjon er underrepresentert i forsk­ingslitteraturen og går ofte «under radaren» i samfunnet. Med bakgrunn i empiri frå eige doktorgradsprosjekt (Fylkesnes, 2021), ein av få norske studiar som omhandlar kvardagslivet i barnebustadar, vil denne artikkelen undersøke: Korleis vert bebuarane sin kropp rørt ved i barnebustaden? Kva betydning har berøringspraksisar for barna og for tilsette?

Forsking på funksjonshemma barn og unge kan ligge i skjeringspunktet mellom sosiologisk barndomsforsking (childhood studies), som fremmer barn og unge som sjølvstendige subjekt med rett til å medverke i eige liv og til å delta aktivt i verda, og funksjonshemmaforsking (disability studies), som kan ha eit beskrivande og kritisk blikk på funksjonshemma unge sine vilkår i relasjon til omgjevnadane (t.d. Fylkesnes, 2021; Ytterhus et al., 2015). I forlenging av desse har Curran og Runswick-Cole (2014) føreslått forskingsfeltet «forsking på funksjonshemma barndom» (disabled children’s childhood studies). Denne forskinga får stor plass i artikkelen. Mi grunnhaldning er at utviklingshemma barn og unge sine rettar og menneskeverd ikkje skil seg frå dei alle barn har.

Konteksten barnebustad

Før vidare lesing beskriv eg kva ein barnebustad kan vere. Barnebustadar er forankra i helse- og omsorgstjenesteloven (2011) som eit heildøgns avlastingstilbod for foreldre, eit anerkjent behov. Tilbodet inneber vanlegvis ei frivillig plassering, søkt om av foreldre. Foreldra har framleis foreldreansvar. Alle som har sin heim i ein barnebustad, har komplekse funksjonsnedsetjingar, deriblant kommunikasjonsutfordringar. Det er behov for utstrekt hjelp gjennom døgnet. Dei unge i bufellesskapet har kvart sitt rom, men deler bad og fellesareal. Dei tre barnebustadane som ligg til grunn for forskinga her, buset til saman 11 unge, 11–18 år. Kommunalt tilsette fagpersonar har dagleg omsorgsansvar på vegner av og i samarbeid med foreldra.

Barnebustad som arbeidsstad er situert i eit vidare system av lovverk, forskrifter og retningsliner. Dei tilsette er tildelt eit delegert ansvar for å gjennomføre statleg policy i lokal praksis (Fylkesnes, 2020). Samstundes som dei skal vareta det delegerte omsorgsarbeidet, skal dei òg vareta dei unge sin integritet, rett til medverknad og til privatliv, som nedfelt i Barnekonvensjonen (FN, 1989) og Funksjonshemmedekonvensjonen (CRPD; FN, 2006).

Omsorgsarbeid, praktisk hjelp og berøring

Dei unge som bur i barnebustad, har på bakgrunn av sine omfattande funksjonsnedsetjingar behov for mykje praktisk hjelp (Green, 2017; Twigg et al., 2011). Personalet i institusjonen har ansvar for å yte praktisk bistand i kvardagslege gjeremål for dei som ikkje klarar dette sjølv (Garsjø, 2008). Praktisk bistand inneber ulik grad av kroppsleg samhandling og berøring. Personalet har ut frå si offentlege rolle både rett og plikt til å røre ved den unge sin kropp, inkludert intim berøring. Den hjelpetrengande unge må tilsvarande godta at personalet (som inneber mange ulike personar) utfører arbeidsoppgåvene sine retta mot deira (hjelpetrengande) kropp. Dei fleste unge med store hjelpebehov er sosialiserte inn i slike handlingsmønster frå barnsbein av, via familie, helsepersonale, avlastingspersonale, skulepersonale og no personalet i barnebustaden. Goffman (1961) seier at ein ikler seg institusjonen sine rammar ved innflytting. Goffman påpeikar vidare at i institusjonar vert ofte grensene mellom det private og det offentlege uklare, idet mange aktivitetar skjer i fellesareal. Eide og Breimo (2013, s. 154) seier at «private sfærer og domener blir utfordret der et menneskes hjem, og til og med deres kropp er andres arbeidsplass».

Omsorg vert i denne artikkelen forstått på fleire nivå: ei empatisk, relasjonell tilnærming der personalet bryr seg om og tek vare på tenestemottakar (Wærness, referert i Gundersen et al., 2014; Warwick, 2022). Penninga et al. (2022, s. 1307) får fram at omsorgsarbeidarar ser det som viktig for motivasjon til «omsorgsutøvelse» at dei opplever gjensidige «meaningful moments of interaction» med tenestemottakarane. Ei anna forståing er relatert til Mol (2008, s. 7), som i sin logic of care ikkje berre er oppteken av omsorg som empatisk og relasjonell, men omsorg som noko vi gjer – aktivitet retta mot andre. Mol si aktive omsorgsforståing leier vidare til Green (2017) og Twigg et al. (2011) sine omgrep «body work», «emotional labour» og «intimate labour».

Omsorg som arbeid

Med body work forstår ein praktisk, profesjonelt omsorgsarbeid, der personalet yter direkte hjelp retta mot tenestmottakaren sin kropp. Body work omfattar arbeidsoppgåver tillagt tenesteytaren si rolle og som vedkomande pliktar å utføre. Ved emotional labour involverer personalet seg meir sosialt og relasjonelt med dei omsorgstrengande, medan omgrepet intimate labour omfattar omsorgssituasjonar der den unge er på sitt mest sårbare, til dømes ved bading og bleieskift. Intimarbeid kan sjåast som ein del av body work, altså noko dei tilsette utføre som del av sitt tilsetjingsforhold. Twigg et al. (2011) presiserer at emosjonelt arbeid også kan vere sterkt involvert i intimate labour.

Twigg et al. (2011) reflekterer over at body work inneber at tenesteytar og tenestemottakar ut frå tildelte roller har ulik maktposisjon i relasjonen. Ei asymmetrisk maktfordeling mellom hjelpetrengande og hjelpar og barn og vaksen er i spel. Young (2007) tildeler ansvaret for sensitiv og respektfull tilnærming til den sterkaste i maktrelasjonen. Young (s. 210) seier vidare at institusjonell omsorg, sjølv med god bemanning, sjeldan kan erstatte kjærleg omsorg frå personar ein har ein langvarig relasjon til, til dømes familie. I omsorgsinstitusjonar vil nære relasjonar stadig kunne bli brotne, ved at tenesteytarar går i turnus eller sluttar. Slike brot kan bidra til utrygg tilknyting for unge bebuarar i ein barnebustad (Fylkesnes & Ytterhus, 2021).

Kompetanse i omsorgsarbeid

Dobson et al. peikte i 2004 på eit behov for personalet som yt omsorgstenester til funksjonshemma menneske, til å auke kunnskapen om berøring og handtering av kroppskontakt i omsorgsarbeidet, deriblant korleis tenestemottakarane kunne erfare det å bli tekne på. Kunnskap vart ofte generert og overført gjennom uformelle kanalar, som kollegaer og retningsliner. Green (2017) finn at relativt uerfarne omsorgsarbeidarar gjerne kan utføre body work etter retningsliner, men at dei er meir varsame når det gjeld uformell, emosjonell kroppskontakt. Manglande erfaring og opplæring kan, ifølgje Green, medføre at tenesteytarane reduserer emosjonell involvering i omsorgsarbeidet og opptrer meir distansert overfor tenestemottakarane. Steckley (2018) argumenterer for at sosialarbeidarar har behov for sterkare forståing av det relasjonelle i arbeidet med menneske med omsorgs­behov. I dette ligg bevisstgjering av kroppslege grenser og korleis barn og unge signaliserer aksept av, ønske om eller motstand mot fysisk kontakt. Korleis barn og unge kommuniserer sine reaksjonar på berøring, eller mangel på dette, vil vere forskjellig ut frå kontekst. Non-verbale unge i barnebustadar krev anna merksemd frå nærpersonar enn når ein verbal institusjonsbebuar innan barnevernet uttrykker seg.

Perspektiv på kropp og berøring i institusjon

Berøring kan ha ulik forståing; som eit konkret, kroppsleg element, å røre og bli rørt ved, eller abstrakt som i kjenslemessig rørt. Her forstår eg berøring som konkret og integrert i kroppen sin sansande, handlande og kommunikative funksjon. Det overordna perspektivet i artikkelen er fenomenologisk, i tråd med Merleau-Ponty (2002) og Schütz (1999) si forståing av mennesket som eit kompetent, kroppsleg subjekt, situert i ei intersubjektiv, relasjonell verd. Barnebustaden som kontekst utgjer kvardagslivet for dei unge. Dei unge, som har ulike kroppslege, kognitive og kommunikative utfordringar, har lagra sine levde erfaringar i kroppen, og dei uttrykker seg kroppsleg. Kroppen er kommunikativ, talespråk er berre éin av eit mangfald av kroppslege uttrykksmåtar (Merleu-Ponty, 2002, s. 213). Kroppen vår er samstundes sosial. All kommunikasjon og erfaring utviklar seg i interaksjon med andre (Schütz, 1999). Kroppen er òg tvitydig, idet han har evne til å sanse og verta sansa samstundes; kroppen rører og blir rørt ved på same tid (Merleau-Ponty, 2002). I omsorgssamanheng når tilsette handterer den unge sin kropp, rører den unge sin kropp samstundes ved den tilsette sin kropp som eit gjensvar. Dette indikerer igjen at kroppen er aktiv og passiv på same tid.

Mol og Law (2004) konseptualiserer den levde kroppen som todelt: Vi har eit offentleg kroppsobjekt samstundes som vi er eit privat kroppssubjekt. Relatert til Green (2017) og Twigg et al. (2011) er det den offentlege kroppen, den objektive, den som body work vert retta mot. I barnebustadar konstituerer kroppsobjektet dei tilsette si forplikting til å yte praktisk omsorg. Det er gjeve eit stillteiande, rollebunde mandat til å handtere og ta på dei unge som treng hjelp. Det vil seie at dei tilsette har lov å gjere ting med dei unge sine kroppar – utføre body work. Ifølgje Mol og Law (2004) er kroppen som objekt mest til for «dei andre» som ser kroppen utanfrå. Individet som eig kroppen, kan òg oppfatte den som eit objekt i verda, tilgjengeleg for andre, samstundes som individet subjektivt opplever det som skjer med kroppen.

Det er den subjektive, private kroppen som opplever kjensler som glede og velbehag, smerte og ubehag. På bakgrunn av alle tidlegare erfaringar og her-og-no-situasjonen vert grunnlaget for emosjonell og relasjonell samhandling med andre danna. Merleau-Ponty (2002, s. 173) seier: «I am in it [the body], or rather I am it.» Han definerer med dette kroppen som vår stabile basis i verda. Samstundes er vi som individ åtskilt frå andre individ sine kroppar, og kan aldri heilt ut setje oss inn i den andre sine opplevingar. Ulik posisjonering gjev ulikt perspektiv på ein situasjon. I dikotomien tenesteytar/tenestemottakar vil vi kunne seie at tenesteytaren nyttar sin private, subjektive kropp som handlande overfor tenestemottakarane sine objektiverte kroppar.

Metode

Empirien i denne artikkelen bygger på ein observasjonsstudie i tre barnebustadar i to kommunar (Fylkesnes, 2021). Observasjonane vart gjort over tre månadar i 2018, 32 økter. Dei unge kommuniserer med einskildord, lydar, gestar og eit mangfald av kroppsrørsler. Personalet er verbale, men kan supplere med teikn, bilete og gestar for å tydeleggjere bodskapen. Dei tilsette går i turnus, har ulik fagleg bakgrunn, ulike stillingsstorleikar og variert erfaring i arbeidet. Bemanninga utgjer oftast ein vaksen per barn. Dei tilsette har i tillegg til omsorgsoppgåvene andre praktiske oppgåver, som reinhald, matlaging, klesvask og liknande.

Når dei som bur i ein barnebustad strevar med verbal kommunikasjon, og slik ikkje kan gje direkte uttrykk for sine erfaringar, var observasjon eit naturleg metodisk val. Observasjon i kvardagsmiljøet gjev godt utgangspunkt for å studere daglegliv, samhandling og kommunikasjon (Buscatto, 2016). Auge og øyre var observatøren sitt verktøy. Observasjonane vart supplerte med tre foreldreintervju og ti intervju med tilsette.

Etiske refleksjonar

Som observatør utan praktiske oppgåver skilde eg meg ut frå dei «vanlege» vaksne og heldt meg ofte litt i bakgrunnen, men gav ei hand når eg vart bedt om det, samhandla med dei unge på deira initiativ og trekte meg eller blikket mitt tilbake dersom eg sansa at ein ungdom virka ukomfortabel av mitt nærvær. Det siste kan forståast som om ungdomen gav ei situasjonsbunden tilbaketrekking av samtykke, det skjedde ei «forhandling i kontekst», som Hoydal et al. (2020, s. 50) kallar det. Observatøren heldt seg hovudsakleg i fellesareala i bustadane og unngjekk bebuarane sine private område. Likevel var eg i løpet av observasjonsperioden innom nokre private rom, hjelpte nokre gongar til på toalettet, og observerte ved eitt høve bading. Å skjerme dei mest private områda var eit medvite og etisk fundert val.

Foreldre samtykka skriftleg på vegner av sitt barn. Tilsette vart skriftleg og munnleg informert og samtykka direkte eller via avdelingsleiar. Eg samla ikkje inn personopplysingar. Prosjektet var godkjent av NSD. Dei observerte ungdomane forstod ikkje kva mi deltaking i bustadane ville medføre, at deira kvardagsliv og deira privatliv ville bli gjort offentleg gjennom publisering. Dette utgjer eit etisk dilemma. Publisering kan rettferdiggjerast av ei forskingsetisk fordring om å synleggjere marginaliserte personar sine vilkår i velferdssamfunnet (Ellingsen, 2015) samt Curran og Runswick-Cole (2014, s. 169) sitt argument om å rette eit kritisk blikk mot strukturar i praksis.

Analytisk strategi

Det observerte vart skrive ned i sin heilskap like etter kvar observasjonsøkt. Feltnotat vart òg skrive regelmessig. Intervjua vart transkriberte frå lydopptak. Desse tekstane utgjorde samla grunnlag for analysen. Dei vart lesne gjentekne gongar med eit fenomenologisk blikk, der meiningsberande situasjonar og uttrykk vart identifisert, koda, systematisert og fortolka (Merleau-Ponty, 2002). I analysearbeidet har Mol og Law (2004) sitt konsept om kroppen som public object og private subject bidratt til analytisk retning, saman med ulike forståingar av omsorg som fenomen. Fleire sekvensar i datamaterialet involverer kroppsnære omsorgshandlingar, og kropp, kroppskontakt og berøring er difor løfta fram som tema. Dei fleste observasjonane er gjort i fellesareal og aktualiserer dikotomien offentleg og privat.

Med basis i ei fenomenologisk forståing av kroppen i verda, ei samansett forståing av omsorgsomgrepet og institusjonelle rammer, vil analyse og drøfting organiserast etter følgjande tema: (a) Body work: praktisk omsorgsarbeid. Kroppen som objekt; (b) Intimate labour: den sårbare, private kroppen; (c) Emotional labour: relasjonelt omsorgsarbeid mellom aktive kroppssubjekt; (d) Kroppen i skjeringspunktet mellom privat og offentleg og (e) Institusjonell profesjonskultur: å anerkjenne den andre i omsorgsarbeidet. Punkt (d) og (e) har eit meir drøftande preg enn dei tre første, empiriske delane.

I den vidare presentasjonen vil fleire av bebuarane inkluderast. Dei unge er gjevne fiktive namn på L, medan tilsette startar med A.

a) Body work: praktisk omsorgsarbeid med kroppen som objekt

Kvardagen i ein barnebustad inneheld mange overgangssituasjonar. Dei unge står opp, skal på skulen, kjem heim, skal ut på tur, skal legge seg. Alle desse overgangane krev mellom anna på- og avkleding. Dei som kan stelle seg og kle seg på eiga hand, blir oppmuntra til det, medan andre får full eller delvis hjelp. Mykje skjer inne på dei unge sine private rom. Dette er kjente, rutinemessig handlingar som skjer. Dei unge mellom anna stå opp og dra på skulen. Nokre utfordringar vart likevel observerte.

Lisa hadde ikkje alltid lyst å gå i gangen og kle seg. Ho kunne avvise både munnleg og lett fysisk motivering. Ei løysing var då å ta med sko og jakke inn og tilby påkleding i sofaen. Lisa kunne her protestere ved å trekke til seg armar og bein. Ho samarbeidde likevel oftast etter ei stund. Det kunne tolkast som at Lisa venta for å ta initiativet, men ei meir rimeleg tolking er at Lisa kanskje resignerer og innordnar seg dei institusjonelle rutinane. Lisa har korkje talespråk eller tydelege alternative kommunikasjonsmåtar.

Unge som har mest omfattande rørsleutfordringar, treng hjelp til å bli flytta frå ein stad til ein annan. Dette inneber ofte løft, til dømes ut og inn av rullestolen. Noko løfting skjer ved hjelp av personløftar (heis), og inneber relativt lite direkte kroppskontakt når løftesegl er plassert rett. I andre tilfelle vert løft gjort manuelt, ofte ved at to personar tek tak under arm og lår til den unge, og løftar vedkomande opp eller ned. Her er kroppskontakten tett. Leander kunne protestere både mot å bli løfta bort frå det han heldt på med, og mot handteringa i seg sjølv (ubehag).

Lisa kunne òg protestere mot anna kroppsleg body work. Måltid skjer i fellesareala, i den offentlege sfæren. Lisa et sjølv. Det var ofte behov for vask av andlet og hender etterpå, Tilsette kom då med ein fuktig klut og tørka henne rundt munnen. Lisa protesterte og viste ubehag gjennom grimasar og vriding av hovudet. Når den tilsette ville vaske hendene, trakk Lisa hendene til seg, folda dei framfor brystet og lente seg mot bordet slik at hendene vart utilgjengelege. Lisa beskytta med dette den subjektive kroppen sin frå å vere ein offentleg objektkropp som kunne handterast utan samtykke. Den tilsette, derimot, fekk ikkje utført arbeidsoppdraget sitt. Hygienearbeid er ein vesentleg del av tenesteytaroppgåvene. Liknande aktivitetar vart utført med fleire, medan i nokre situasjonar observerte eg at den tilsette førebudde ungdomen munnleg på handlingar som andletsvask. Slik tilnærming kan tolkast til å vere forhandling i situasjonen om samtykke til å utføre body work.

Dei unge sitt behov for å få hjelp på toalettet kan plasserast mellom praktisk body work og praktisk intimate labour. Toalettbesøk er dagleg rutinemessig handling for alle. Dei fleste treng hjelp med klede, bleie og å tørke seg. Av og til er to tilsette involvert. Sidan dette skjer i den private sfæren, er det meste utanfor observatøren sitt synsfelt, og vil ikkje bli gått nærare inn på her, utover å påpeike at det kan tenkast at for dei tilsette vert dette erfart som body work retta mot eit kroppsobjekt (Mol & Law, 2004).

b) Intimate labour: den private og sårbare kroppen

Eit menneske er på sitt mest sårbare når ein vert avkledd og står fram med sin nakne kropp for andre. For ei ung jente som Lena, som har omfattande behov for hjelp i kvardagen, blir dette eit gjentakande fenomen. Både gjennom dagleg morgon- og kveldsstell og ved fleire badekarbad i løpet av veka. Lena snakkar ikkje, men gjev tydeleg uttrykk for kva ho likar og ikkje likar gjennom aktive kroppsrørsler og lydar. Tannpuss er særleg ubehageleg for henne. Nærpersonen, Amanda, fortel at bading har vore ein utfordrande aktivitet, då Lena tidlegare gav uttrykk for misnøye og ubehag ved kvart bad. Personalet fekk rettleiing utanfrå. Badeseansen vart då først observert og analysert før det vart gjeve råd om kva som kunne endrast. Desse råda har, seier Amanda, blitt skrivne ned i Lena sin tiltaksplan. Viktige element er å ha ro rundt badinga, eit varmt rom og passe varmt vatn. Då underteikna observerte bading, viste Lena ingen teikn på ubehag. Amanda snakka roleg til Lena, forklarte kva som skulle skje, brukte mugge og ausa jamleg lunka vatn over synlege kroppsdelar. Å vaske håret vart òg gjort ved hjelp av mugge til å fukte og skylje. Lena såg roleg ut, rørte innimellom på beina utan å sprute. Etter badet vart Lena heist opp av vatnet, fekk handkle rundt kroppen og vart flytta med takheis til senga si.  

Amanda var trygg i handlingane og brukte eigen kropp på ein varsam måte. Ho viste omsorg gjennom måten ho snakka til Lena, og korleis ho sørga for å halde heile kroppen varm. Amanda viste heller ikkje teikn til ubehag i denne høgst intime situasjonen. I og med at Amanda utførte bading og vask etter gjevne retningsliner, ei gjentakande rutine, er det naturleg å inkludere denne forma for intimate labour i konseptet body work, som eit arbeid med ein objektivert kropp. Det som skil denne situasjonen frå hygienetiltak gjort i fellesareala, er at arbeidet med den andre sin kropp blir utført i ein privat sfære. Kroppen kan her sjåast som i ei mellomstilling mellom offentleg og privat (Mol & Law, 2004). Det som særleg opprettheld denne handlingssituasjonen som body work med ein offentleg objektivert kropp, er at mange ulike tilsette er med Lena på badet (turnusbasert). Dette medfører at Lena må stille sin nakne kropp til disposisjon for mange tenesteytarar for at dei skal kunne utføre arbeidsoppdraget sitt. Rutinebeskrivinga i tiltaksplanen rammar inn badinga. 

Ei tilsett fortel i intervju at ho starta med «stive armar» i kroppsleg omsorgsarbeid, men at ho no er blitt tryggare og meir avslappa når det gjeld kroppsleg nærleik. Ei anna tilsett fortel at det kan sjå ut til at erfarne tilsette er friare og tryggare når det gjeld berøring og nærkontakt enn det yngre og nytilsette er (Green, 2017). Intimate labour, slik det vert gjennomført her, krev fokus og stor grad av empatisk innleving og nærvær (Garsjø, 2008). Ei empatisk og respektfull haldning mot Lena, som stiller kroppen sin til rådvelde for omsorgshandlinga, er essensielt. Slikt arbeid, som del av body work, har ein glidande overgang mot emosjonelt omsorgsarbeid (Twigg et al., 2011).

c) Emotional labour: relasjonelt omsorgsarbeid mellom aktive kroppssubjekt  

Ein barnebustad er ikkje berre ein arbeidsstad, den er òg ein stad der dei unge har sin heim og skal trivast. Lena er, som vi har høyrt, avhengig av hjelp til det meste. Det hindrar henne likevel ikkje i sjølv å initiere handlingar. Éin handlingssekvens vart ofte observert: 

Lena sit i stolen sin i fellesarealet. Både barn og tilsette går til og frå i rommet. Hennar nærperson for dagen kjem bort til Lena, set seg ned på huk ved sida av henne og kjem i augnehøgde. Ho snakkar lågmælt til Lena. Lena strekker ut ein arm, legg den på den vaksne si skulder og fører hovudet litt til sides. Nærpersonen lener seg litt nærare Lena slik at kinna deira møtest i ein varsam klem. 

Her tilbyr Lena kinnet sitt, den vaksne tek imot tilbodet og gjev sitt kinn tilbake (Merleau-Ponty, 2002). Dette er ein augneblink av relasjonell nærleik, eit kroppsleg møte mellom to subjekt. Eg vart sjølv omfatta av denne gesten første gong eg skulle helse på Lena. Det var ei god og emosjonelt prega oppleving for meg, ein meiningsfull samhandlingsaugneblink, jf. Penninga et al. (2022). Sjølv om handlinga skjer i den offentlege sfæren, fellesrommet, skjer handlinga i ei privat sfære mellom to subjektive kroppar, relatert til Mol og Law (2004) si kategorisering.

Korleis kan ei slik gjentakande handling fortolkast? Fleire refleksjonar melder seg: For det første er dette kanskje slik Lena seier «Hei», ein metode ho meistrar ut frå sine kroppslege restriksjonar. Samstundes «stel» ho seg til ein klem. Vidare kan ein tenkje at denne berøringa kan sjåast som emosjonelt arbeid, både frå Lena og nærpersonen si side. Kanskje er ikkje intensjonen relasjonell i utgangspunktet, men blir det ved at motparten er merksam og svarar på Lena sitt initiativ. Då vert den tilsette aktivt med i relasjonsarbeidet og får sjølv ei god oppleving (Penninga et al., 2022). Ei tredje fortolking er at ei slik handling er basert i institusjonell læring; Lena er van med at det er mange og stadig nye personar rundt henne i det turnusbaserte systemet, og ho kan ha blitt ukritisk i høve til kven ho lèt koma så nært innpå seg, til dømes observatøren som framand. Den subjektive kroppen sine grensar vert diffuse. I andre samanhengar var det observert at Lena òg kunne skyva den vaksne frå seg.

Garsjø (2008, s. 118) uttrykker om institusjonsomsorg at «kravet til ansatte er å tilby relasjon. Man bruker sin egen person med krav om ekthet og troverdighet». Anna, ei erfaren tilsett, tilbyr Lisa ei berøringserfaring som kunne vurderast som inngripande, men som gjennom ei truverdig avlevering kan seie å vise respekt for Lisa sitt private kroppssubjekt. 

Lisa sit ved spisebordet med hendene oppå bordet. Anna sit ved sida av henne og stryk Lisa først forsiktig over handbaken. Lisa sit stille, ser rett framfor seg, men kastar enkelte blikk mot Anna. Anna held fram med å stryke og forlenger rørsla oppover Lisa sin arm. Lisa legg handa si oppå Anna si hand, og stryk henne litt oppover armen. Anna stryk Lisa over hovudet og i nakken, men då tar Lisa raskt bort Anna si hand. Seinare tolererer Lisa også nakkeberøring. Lisa lener seg inntil Anna og legg hovudet mot brystet hennar. Anna fortset berøringane og snakkar med låg stemme. Lisa legg ein arm rundt halsen til Anna, som igjen legg armen om ryggen til Lisa. Lisa lener seg litt bakover før ho legg begge armane rundt nakken til Anna, etter kvart i eit kraftig tak. Anna seier at dette vart litt hardt og frigjer seg varsamt. Når Anna avsluttar den langvarige berøringsutvekslinga, gjev ho Lisa ei leike som erstatning for kroppskontakten. 

Frå observasjonsposisjonen ved bordenden er inntrykket at Anna er litt utprøvande i relasjonsskapinga med Lisa. Lisa er først stille avventande, men svarar etter kvart på Anna si berøring og vert ein aktiv deltakar. Relasjonelle band kan seiast å knytast mellom dei to kroppssubjekta, trass i den asymmetriske makt- og ansvarsposisjonen tilsett–bebuar (Mol & Law, 2004; Young, 2007). Så lenge begge held seg innanfor uskrivne reglar om varsemd, kan samhandlinga fortsette. Det kan synast som om Lisa ikkje heilt kjenner eigne krefter og sosiale spelereglar og går uforvarande utover det tillatne, og skapar ubehag hos Anna. I denne situasjonen nyttar Anna seg difor av sin tildelte maktposisjon til å avslutte samhandlinga når ho opplever at den blir for intens for eigen del (jf. Penninga et al., 2022). Anna sansar truleg at avsluttinga vert brå, og finn fram ei kompensatorisk leike.

Lisa utfordrar òg (umedvite) desse uskrivne rammene for samhandling når ho ligg i sofaen med hovudet i Astrid sitt fang og koser seg. Fleire tilsette og ungdomar er i nærleiken. Ei kvardagsleg handling, som gjev ei førestilling om familiekos. Plutseleg viklar Lisa hendene inn i Astrid sitt lange hår og dreg hardt. Situasjonen endrar karakter, og Astrid må handtere ei uføresett hardhendt handling frå Lisa si side. Astrid seier då ut i rommet til dei andre: «Vi har et hat–elsk-forhold.» Den private relasjonen blir dermed gjort offentleg (Mol & Law, 2004). Når Astrid fjernar handa til Lisa og seier «Nei!», vert relasjonen endra vidare frå emosjonell samhandling til oppdragande handtering (Green, 2017). Astrid tek i bruk sin tildelte institusjonelle maktposisjon ved å frigjere seg frå den hardhendte handlinga.

Emosjonelt arbeid inneber at begge partar involverer seg kjenslemessig og skaper tilknyting i relasjonen. Dei tilsette gjev likevel uttrykk for i intervju og kvardag at dei kan setje grenser for seg sjølv kor djupt dei vil involvere seg i relasjonen med den unge. Det vert drøfta tiltak når ein ungdom er for «tett på» ein tilsett, eller når ein ungdom er kroppsleg intens. Tiltaket blir å regulere grada av kontakt mellom den tilsette og gjeldande ungdom. Å bli for tett knytt til einskildpersonar vert opplevd å kunne avgrense den tilsette sitt handlingsrom. Å gje mykje av seg sjølv i arbeidssituasjonen kan vere krevjande og utmattande for arbeidstakaren (Garsjø, 2008; Penninga et al., 2022). Ei engasjert tilsett sa: «Jeg elsker jobben min, men vil ikke ta dem [ungdommene] med meg hjem.» Regulering av kontakt med einskildungdomar for å skjerme den tilsette, med tru på at det òg er til beste for den unge, er tiltak som særleg skil den institusjonelle kvardagen i ein barnebustad frå livet i ein familieheim.

Skilnaden mellom rolla som profesjonell omsorgsytar og foreldrerolla vert utdjupa i intervju:

Vi skal ikke være foreldre, det kan vi aldri bli, men vi skal være så godt opp mot det som mulig, slik at de får en oppvekst som er preget av trygghet, og at de får en klem og en kos når de [trenger det] – for det er jo barn.

Ei anna tilsett reflekterer over at det kan vere lite kroppskontakt generelt i barnebustaden, og refererer til skiljet institusjon/familieheim: 

Jeg tror at, jeg vet ikke om de savner det bevisst, men fysisk kontakt er jo med å skape en ro og en trygghet og en godhet, en følelse av å bli sett. Ja, jeg tror det. Noen søker det jo naturlig. Lena for eksempel, hun kommer jo med handa tvert du nærmer deg. […] Jeg tror det er viktig. Der tror jeg vi kan være som om vi var i heimen. 

Desse refleksjonane frå tilsette inkluderer eit empatisk retta omsorgsfokus, å ville det gode for dei unge (jf. Wærness, referert i Gundersen et al., 2014), men innanfor rammene profesjonsrolla tillèt. Rammene vert likevel utfordra etter kor tett opp mot familieheimen institusjonen kan vere. Dei tilsette omtalar kroppskontakt som del av omsorga, barnet sitt behov for nærleik og å bli teke vare på. Også innanfor emotional labour er det handling involvert, noko som blir gjort, i samsvar med Mol (2008) sin omsorgslogikk.

Få observasjonar omhandla kroppskontakt mellom bebuarane, men det skjedde: Lydia gav Lena ein klem, Lars prøvde å klemme ein motvillig Lasse, og Lisa dytta til Liam. Ei tilsett uttrykte at dei unge i lita grad hadde behov for nærleik med andre ungdomar, då det alltid var ein vaksen tilgjengeleg for dei.

d) Kroppen i skjeringspunktet mellom privat og offentleg 

Barnebustaden er, som vi har sett, den unge sin heim, ei privat livsverd, der kroppen skal vere situert og trygg (Merleau-Ponty, 2002). Heimen konstituerer rammene rundt det private kroppssubjektet (Mol & Law, 2004). Dei tilsette representerer det offentlege, sjølv om dei handlar på vegner av foreldra. Dei offentlege omsorgspersonane grip ut frå sitt mandat direkte inn i dei unge si private livsverd (Warwick, 2022), der sjølv kroppen vert opplevd å vere den andre sin arbeidsplass (Eide & Breimo, 2013). Heimen som profesjonell arbeidsplass forskyver på fleire måtar posisjonen for det private kroppssubjektet mot eit offentleg kroppsobjekt, jf. Mol og Law (2004).

For det første har dei tilsette eit dobbeltoppdrag å utføre: å bidra til at dei unge bebuarane får gjennomført kvardagslivet sitt på ein best mogeleg måte, i samsvar med dei plikter og rettar kommunal tilsetjing inneber (Garsjø, 2008). For det andre synest dei unge å vere sosialiserte inn i ein utførar–mottakar-praksis, der dei aksepterer at deira subjektive kroppar vert utsett for objektiverande handlingar (Goffman, 1961; Green, 2017; Mol & Law, 2004). Mange av kvardagshandlingane har dei unge i praksis lite høve til å unndra seg, då det er lite rom for forhandlingar; bleieskift, vask og påkleding gjennomførast. -oppgåver synest i hovudsak å gjelde handlingar som kan klassifiserast under body work og intimate labour. I det emosjonelle arbeidet er det meir rom for forhandlingar og skjønn, då det ikkje er eit institusjonelt pålegg om kos i sofaen, ein klem eller andre sosiale sysler. Slike aktivitetar ser vi kjem i tillegg til rutinearbeidet, inneheld meir rom for spontanitet og kan sjåast som eit overskotsfenomen.

Oppgåvene delegert «ovanfrå» kan tenkjast å binde opp tid, medan det emosjonelle arbeidet synest å skje når det er «tid til overs». Empirien viser òg at tid heng saman med erfaring. Nye tilsette kan vere meir bundne av rutinar og meir varsame med spontan kropps­kontakt. Erfarne tilsette gjev inntrykk av at dei er tryggare relatert til berøring og det å ta seg tid til spontan kroppsleg samhandling.

Relasjonsskaping som aspekt er tydelegast lagt til emotional labour, ei samhandling mellom to kroppssubjekt. Likevel er relasjon og relasjonsskaping eit viktig element innanfor alle kategoriane. Body work og intimate labour inneber òg direkte, relasjonell kontakt mellom omsorgsutførar og omsorgsmottakar. Warwick (2022) set relasjon som ei viktig ramme rundt berøring i institusjonell kontekst og ønsker å endre fokus frå institusjonell praksis til relasjonelt arbeid med ungdom. I den empiriske beskrivinga kjem dette kanskje tydelegast fram i observasjonen der Lena blir bada. I denne institusjonelle praksisen vert det synleg at det relasjonelle er avgjerande for at begge partar skal kome ut med ei positiv erfaring, og der det offentlege og det private vert sensitivt balansert. Asymmetrien i makt og ansvar gjer seg gjeldande, men vert handtert på ein anerkjennande og respektfull måte (Young, 2007).

e) Institusjonell profesjonskultur: anerkjenning av den andre i omsorgsarbeidet 

Barnebustaden er å rekne som ein omsorgsinstitusjon (HOD, 2011). Ifølgje Dobson et al. (2004) kan det lett skapast interne kulturar i institusjonar, til dømes ved at tilsette brukar kvarandre for å tileigne seg kompetanse og dermed sementere allereie eksisterande handlingsmønster. Refleksjonar over kunnskapsgrunnlaget for handlingar, tiltak og eksisterande institusjonelle praksis kan vere nyttig for å utvikle det praktiske kunnskapsgrunnlaget i institusjonen (Fylkesnes, 2020). Green (2017, s. 787) insisterer på at

social workers need to attend carefully not only to bad touch, but equally to good touch and absent touch. Social workers should also be informed enough to assess when their touching of service users may be appropriate, reflexively considering power dynamics, cultural issues and their knowledge of and relationship with the service user.

Dette impliserer at profesjonelle omsorgsarbeidarar, med grunnlag i etiske normer og retningsliner, kontinuerleg må reflektere både over ansvaret og makta dei har, inkludert eiga haldning i kvar praksissituasjon. Slike refleksjonar vert av Young (2007) knytt til Honneth sin recognition-filosofi om at ein i direkte kontakt med andre i asymmetriske relasjonar må anerkjenne den andre, og møte den andre med kjærleik og respekt. Mol (2008) distanserer sin logic of care frå ein logic of choice, noko som ikkje fritek omsorgsytarane frå, så godt det lèt seg gjere, å sanse og ta omsyn til den omsorgsmottakande sine ønske og la den andre medverke i samhandlinga. Den andre sine ønske kan vere krevjande å oppfatte i barnebustadane, men er mogeleg dersom alle kroppen sine gestar vert anerkjent som kommunikative (Merleau-Ponty, 2002).

Temaet kropp og berøring er ikkje påtrengande i kommunikasjonen i barnebustadane, men dukkar sporadisk opp i samtalar mellom tilsette. Observatøren opplever ikkje at kroppsleg omsorgspraksis er tabubelagt tema i institusjonane, slik Green et al. (2021) viser. Warwick (2022) ytrar at å ta tak i temaet, drøfte og reflektere saman i kollegiet, kan gje betre arbeidsvilkår for tilsette, samstundes som relasjonen mellom tenesteytar og tenestemottakar vert gjeven betre vilkår.  

Open kommunikasjon i kollegiet kan òg gje grunnlag for aksept av god berøringspraksis retta mot dei unge som vil lide mest under fråvær av berøring, og som kanskje søker kroppskontakt via utfordrande åtferd (Steckley, 2018; Warwick, 2022). Det er eit tema som er framme i studien når det vert diskutert tiltak mot unge som i periodar er «intense».

Dei tilsette kan «skru seg av» når dei forlèt arbeidsplassen, dei tek ikkje barna med seg heim. Bebuarane i ein barnebustad har sjeldan denne mogleiken; dei er til stades heile tida og må kontinuerleg knytte kroppslege relasjonar til ulike vaksne. Smith (2018, s. 181) seier at dersom svakt kommuniserande barn og unge ikkje får god nok støtte til kommunikasjon og samhandling i eit miljø med stadig skiftande vaksenpersonar, er det dei som strevar mest (dei unge), som blir gjevne ansvaret for å tilpasse seg og «tailor their voice to the competencies of their communication partner, if communication is to be successful». «Voice» kan her lesast som handlingar og «communication» som samhandling. På den andre sida kan faste daglege rutinar i institusjonen til ei viss grad førebu bebuarane på kva dei kan forvente relatert til kroppen sin. 

Avslutting

Barn sin rett til medverknad og privatliv viser seg å verta utfordra i barnebustadar, i skjeringspunktet mellom heim og arbeidsstad. Sjølv om mykje direkte body work blir gjort i dei private romma, er det fleire praksisar som involverer det private subjektet som blir gjennomført i det offentlege rom. Dette gjeld òg emosjonell relasjonsbygging. Det ligg empatiske og etiske grunnhaldningar til grunn for tilsette sine handlingar, men i den institusjonaliserte omsorgspraksisen med mange oppgåver som utførast, blir grensene mellom privat og offentleg utydelege. Den unge tenestemottakaren sin identitet og subjekt kan bli rokka ved gjennom objektiverande omsorgspraksis. Mol og Law (2004) si forståing om at vi er eit kroppssubjekt, men har eit kroppsobjekt, bør kunne utgjere eit grunnlag for refleksjon over praksis. I tillegg kan Warwick (2022) sitt fokus på det relasjonelle i berøringspraksisen under institusjonelle rammer og plikter vise korleis dei unge sine medverknadsvilkår kan vere i skvis gjeve dei tilsette sin styringsrett. Omsorgsgjevarane sine behov kan trumfe omsorgsmottakarane sine behov, dersom tilsette er opptekne av eiga oppleving av meiningsfulle interaksjonsaugneblinkar, som Penninga et al. (2022) viser.

Gjennom fenomenologisk analyse og tolking har hensikta vore å synleggjere nokre barn og unge som vanlegvis går «under radaren» i «den skjulte verda» barnebustad, og gje lesaren høve til å gjere seg vidare refleksjonar over korleis barn og unge sin kropp er eksponert for andre i eit landskap som balanserer mellom privat og offentleg og mellom subjekt og objekt. Dei unge si stemme høyrest lite i denne samanhengen. Forsking, som gjort greie for her, kan bidra til å bringe slike svake stemmer fram.

Referansar

  • Baeza, S., Butler, S., Smith, S. & McCray, J. (2019). Trampolines and minefields: The use of touch during home-based child protection visits in England. Practice, 31(3), 187–203.  
  • Buscatto, M. (2016). Practicing reflexivity in ethnography. I D. Silverman (Red.), Qualitative research (s. 137–151). Sage.
  • Curran, T. & Runswick-Cole, K. (2014). Disabled children’s childhood studies: A distinct approach? Disability & Society, 29(10), 1617–1630.
  • Dobson, S., Carey, L., Conyers, I., Upadhyaya, S. & Raghavan, R. (2004). Learning about touch: An exploratory study to identify the learning needs of staff supporting people with complex needs. Journal of Learning Disabilities, 8(2), 113–129.  
  • Eide, A. K. & Breimo, J. P. (2013). «Når livsløp veves sammen med administrative tilfeldigheter». En studie av boligløsninger for mennesker med utviklingshemming (NF-rapport 8/2013).
  • Ellingsen, K. E. (2015). Utviklingshemmede.
  • Forente nasjoner. (1989). Konvensjonen om barnets rettigheter.
  • Forente nasjoner. (2006). Konvensjonen om rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne.  
  • Fylkesnes, I. (2020). Relasjonelt aktørskap: Vilkår for medverknad når barn og unge med utviklingshemming bur i barnebustad. Fontene forskning, 13(2), 18–30.
  • Fylkesnes, I. (2021). Kropp, kommunikasjon, aktørskap. Utviklingshemma barn og unge si livsverd i den institusjonelle konteksten barnebustad [Doktoravhandling]. Nord universitet.
  • Fylkesnes, I. & Ytterhus, B. (2021). Whose voices matter? Use, misuse and non-use of Augmentative and Alternative Communication (AAC) among severely disabled children living in small group homes. Scandinavian Journal of Disability Research, 22(1), 94–103.
  • Garsjø, O. (2008). Institusjon som hjem og arbeidsplass: Et arbeidstaker- og brukerperspektiv (2. utg.). Gyldendal Akademisk.
  • Goffman, E. (1961). Asylums: Essays on the social situations of mental patients and other inmates. Doubleday.
  • Green, L. (2017). The trouble with touch? New insights and observations on touch for social work and social care. British Journal of Social Work, 47(3), 773–792.
  • Green, L., Warwick, L. & Moran, L. (2021). Silencing touch and touching silence? Understanding the complex links between touch and silence in residential child care settings. Childhood, 28(2), 245–261.
  • Gundersen, T., Neumann, C. E. B. & Egeland, C. (2014). Kroppen min. Andres arbeidsplass og eget seksual- og privatliv (Nova-rapport 18/2014).
  • Helse- og omsorgstjenesteloven. (2011). Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester mm. (LOV-2011-06-24–30). Lovdata.
  • Hoydal, K., Lid, I. M. & Thygesen, H. (2020). Etikkarbeid i praksisnær forskning. Bofellesskap som forskningsarena. Fontene forskning, 13(1), 46–58. 
  • Merleau-Ponty, M. (2002). Phenomenology of perception. Routledge. 
  • Mol, A. (2008). The logic of care: Health and the problem of patient choice. Routledge.
  • Mol, A. & Law, J. (2004). Embodied action, enacted bodies: The example of hypoglycaemia. Body & Society, 10(2–3), 43–62.  
  • Neumann, C. B. (2017). Kroppsliggjorte omsorgspraksiser på omsorgsinstitusjon. Tidsskriftet Norges Barnevern, 94(2), 96–109.  
  • NOU 2004: 23. (2004). Barnehjem og spesialskoler under lupen. Barne- og familiedepartementet.
  • Penninga, W., Nijs, S. L., Van Bakel, H. J. & Embregts, P. J. (2022). Meaningful moments of interaction with people with profound intellectual disabilities: Reflections from direct support staff. Journal of Applied Research in Intellectual Disabilities35(6), 1307–1316.
  • Schütz, A. (1999). Den sociala världens phenomenologi. Daidalos.
  • Smith, M. (2018). Accessing voice of children using AAC. I M. Twomey & C. Carroll (Red.), Seen and heard: Exploring participation, engagement and voice for children with disabilities (s. 171–190). Peter Lang. 
  • Steckley, L. (2018). Catharsis, containment and physical restraint in residential childcare. The British Journal of Social Work, 48(6), 1645–1663.  
  • Twigg, J., Wolkowitz, C., Cohen, R. L. & Nettleton, S. (2011). Conceptualising body work in health and social care. Sociology of Health & Illness, 33(2), 171–188.  
  • Warwick, L. (2022). «Depends who it is»: Towards a relational understanding of the use of adult-child touch in residential child care. Qualitative Social Work, 21(1), 18–36.  
  • Young, I. M. (2007). Recognition of love’s labor: Considering Axel Honneth’s feminism. I B. van den Brink & D. Owen, (Red.), Recognition and power (s. 189–212). Cambridge University Press. 
  • Ytterhus, B., Egilson, S. T., Traustadottir, R. & Berg, B. (2015). Perspectives on childhood and disability. I R. Traustadottir, B. Ytterhus, S. T. Egilson & B. Berg (Red.), Childhood and disability in the Nordic countries: Being, becoming, belonging. Palgrave Macmillan.

Forfattaromtale

Ingunn Fylkesnes

er førsteamanuensis ved Institutt for sosialt arbeid ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Trondheim. Fylkesnes har ein variert bakgrunn, med grunnutdanning som fysioterapeut (Bergen 1986), master i helsevitskap ved Institutt for sosialt arbeid og helsevitskap (NTNU 2014) og doktorgrad i sosiologi ved Nord universitet frå 2021. Doktorgradsavhandlinga omhandla utviklingshemma barn og unge i barnebustad og inkluderer fire vitskaplege artiklar. Gjennom arbeidslivet har Fylkesnes gjennomgåande arbeidd med funksjonshemma barn, unge og deira familiar i ulike kontekstar. Forskingsinteressene omfattar mellom anna barn og unge med og utan funksjonsnedsetjingar i velferdssystemet, institusjonell omsorg, deltaking og medverknad, barn og unge sine kroppsleggjorde stemmer, barnekonvensjonen og funksjonshemmakonvensjonen. Fylkesnes underviser no hovudsakleg om psykososialt arbeid med barn og unge, tverrfagleg samhandling, kommunikasjon og deltaking.